Nytt bloggformat og ymse

No er sumaren på hell, og førebuingane til eit intenst og omfattande skuleår tek straks til. Eg skal fullføre ein mastergrad, og eg ynskjer naturlegvis å gjere det på best mogleg vis. Men før eg kjem så langt skal eg oppdatere denne sida litt, og dernest freiste halde den litt meir levande i tida framover. Tanken er å dokumentere fram- og tilbakesteg, og dei erfaringar eg gjer undervegs. Det første steget er å sparke liv i bloggen att, og dette arbeidet tek til no. Då eg endra layout på sidene oppstod det problem med bloggen eg hadde. Difor kjem den no attende i nytt format. Vonaleg vert innhaldet etter kvart meir omfattande!

Eg postar forøvrig og innlegg i denne bloggen: i'm telling you for the last time...
|