Livsløfter

Desse løfta vart utforma 13. januar i fjor. Eg tek dei med inn i denne bloggen for å minne meg sjølv på kva sider eg framleis treng utvikle hjå meg sjølv.

1. Eg skal leve eit sunt liv. Trening og kosthald skal hjelpe meg.
2. Eg skal leve eit audmjukt liv. Eg kan lære noko i alle situasjonar og hjå alle menneske.
3. Eg skal nytte min kunnskap på ein positiv måte. Det eg kan hevar meg ikkje over andre.
4. Eg har integritet. Eg held negative tankar om andre og rykter for meg sjølv.
5. Eg skal leve eit ansvarleg liv. Eg tek ansvar for handlingane mine og konsekvensane dei får.
|