Byggherre Barlund

Då eg gjekk i barnehagen bygde eg mykje rart. Eg var særs ivrig på lego, men brio og andre variantar av byggteknisk art gjekk og an. Ute gjorde eg ein solid innsats med bøtte og spade. No har eg den siste tida gått ein del i barnehagen att, rettnok som løna arbeidar, og det slo meg i dag at mi atferd ikkje har endra seg noko særleg på nesten 30 år. Dersom eg får lov til å velje kva eg skal gjere med ungane sjølv vel eg lego, og etter ei lita stund har eg gløymt heilt at ungane er der. Fullstendig oppslukt av min ingeniørkunst sit eg der og testar nye og spanande design. Ungane kjem med "kreative" innspel som gjerne fører til at eg lyt byrje på nytt att. Etter tre fire slike kreative utbrot skjønar eg at eg kanskje skal vere litt mindre barnsleg og egoistisk, og gir mitt siste tilskot til romfartseventyret til ein av fireåringane. Den nye kapteinen finn ut at han skal teste om antigravitasjonsfeltet på BarlundSpace mk. 3 virkar, og det vert raskt avdekka grove feil i konstruksjonen. Eit kort fall og eit brutalt møte med golvet seinare, og mitt romfartseventyr er over for denne gongen. Restane av romskipet får nytt liv som fundament i parkeringsanlegget til barnehagemafiaen, som rular over legoklossane og boksen med brio med jarnhand. Kvar er respekten for ingeniørkunsten?

Etter lunsj er det frileik ute, og onkel Åge, som nokre på ein særs politisk ukorrekt måte kallar meg, har knigga til seg bytte og spade. Intensjonen er å hjelpe til i sandkassa, for det er stor pågang etter sandarbeidarar. Slott og vollgraver og motorvegar skal byggjast. Eg fyller bytte etter bytte med sand, snur byttene opp ned og klappar på botnen som no er opp med spaden for at sanden lettare slepp taket i bytta. Dei perfekte byttetårna står på rekkje og rad, men det varer ikkje lenge. Nokon skal alltid pynte litt på resultatet med sin spade, og sandslottet ligg i grus.. Kvar vart det av denne respekten for ingeniørkunsten? Eg ser no at eg kanskje har endra litt atferd sidan eg jobba på golvet i barnehagen, eg hadde kanskje ikkje meir respekt for ingeniørkunsten då enn smårollingane har i dag.
|