sculptures, bronze, listen to-2209152.jpg

På akkord med akkordane

Her har det ikkje skjedd stort på nesten tre år. Det er altså på tide å blåse støvet av heimesida att. Den er jo her. Eg tok eit val då eg laga den, og meininga er at den skal innehalde litt om det eg driv med og stundom noko som kan vere til glede og hjelp for andre. Dette innlegget er i den kategorien.

Eg har i mange år angra på at eg ikkje tok sats- og høyrelærefaget meir seriøst då eg studerte musikk. Eg skulle jo bli trombonist i orkester, og ville bruke tida mi på øving i staden. Eg skulle berre visst. Eg skulle forstått at den samanhangen dei messa om, lærarane i faga eg hangla meg gjennom, den er der. Det var ikkje berre tull det dei sa. Innsikta slår meg kvar gong eg analyserer eit partitur og brukar unødig mykje tid på å komme fram til ei forståing av ein akkord eller eit akkordforløp som ikkje oppfører seg slik eg forventar. Men så snubla eg over eit treningsapparat for alle som trøblar med slikt. Tonegym er ei glimrande nettside med eit utal av øvingar som kan utfordre dei delene av gehøret som treng trim, og alt dette føregår i form av små spel som tek føre seg eit element av lytting. Følg lenkja under for å teste det sjølv. Det er mogleg å gjere ein del øvingar gratis, og så er det eit abbonement for dei som vil djupare inn i materien:

https://www.tonegym.co/

Eg kan avslutte med å sei at eg sjølv er ganske god på å notere ned melodiar og rytmer, men at eg framleis må jobbe meir med akkordar og progresjonar. Poengsystemet gjer at eg ser ei utvikling, noko som gjer det moro å halde på. Og dei fem daglege øvingane tek om lag ti minutt.

I tillegg til alle dei små “spela” som utviklar lyttedugleiken har sida fleire nyttige verkty for alle som vil forstå musikk betre. Nydeleg, visuell framstilling av kvintsirkelen, analyseverkty for akkordar, lydfiler for vokaloppvarming og mykje meir. Sjekk det ut!