Musikalske høgdepunkt

Eg er heldig som kan jobbe med musikk. Det er ein av dei beste brubyggjarane som fins. Mennesker møtast på tvers av generasjonar i vaksenkorps. Etnisitet spelar inga rolle når ein samlast for å skape musikk. Dei siste vekene har gjeve fleire fine konsertopplevingar, både med Hasle Skole Musikkorps og Alna Janitsjar.

I Hasle har vi i hovudkorpset – Ungdomsbrassen, nett teke opp nye musikantar frå mellomkorpset – Mellombrassen, og eg let meg imponere over kor raskt desse tilpassa seg eit noko høgare nivå. Regionmeisterskapen i Lørenskog laurdag 23. mars vart ei hyggjeleg oppleving, med 92 poeng og 1. plass i 1. divisjon! Og dei ferskaste musikantane var på alle måtar med på å skape det gode resultatet!

Alna Janitsjar er eit heilt anna korps, eit vaksenkorps med lokal forankring i Alna bydel i Oslo. Store musikalske ambisjonar utan å ynskje å delta på konkurransar. Vi jobbar med utvikling av klang og samspel og har som mål at neste konsert alltid skal vere betre enn den førre. Samspel og tryggleik vert betre over tid, og vi jobbar med å skape samarbeid med skulekorpsa i nærområdet. Det at vi har fleire ungdommar med no enn då eg byrja i korpset tyder på at vi er på rett veg. Dei musikalske høgdepunkta står i kø i framtida og. Eg er heldig som kan jobbe med musikk.