Fotografering

Fotografering er ein hobby eg har dyrka, med ujamn intensitet, i mange år. Det har for det meste vore bybilder og natur, men nokre portrettbilder har det og blitt. Min gode ven Steinar Thelen har nytta ein del av desse bilda til sine heimesider. Steinar har gjennom målretta og tolmodig arbeid løfta kortkunst til eit svært høgt nivå, så treng du noko som kan løfte ei livshending, ein konsert eller ein event til eit høgare nivå kan du sjå på kva han kan tilby her.